Eit krumkakejern av høg kvalitet med moderne design og eit tradisjonelt mønster frå Hallingdal. Dei tjukke aluminiumsplatene gir jamn varmefordeling, slik at krumkakene blir jamt steikte og får eit flott mønster.
Den slipp-lett-belagde overflata gjer det enkelt å ta krumkakene ut etter steiking, medan den justerbare termostaten gir god kontroll over temperaturen.
Krumkakejernet kan oppbevarast på høgkant, noko som sparer plass på kjøkkenet.
Eigenskapar:
- Tradisjonelt mønster frå Hallingdal
- 1000 watt
- Justerbar termostat
- Tjukke aluminiumsplater for jamn varmefordeling
- Slipp-lett-belagd overflate
- Moderne design
- Kan oppbevarast på høgkant
- Enkel å bruke og oppbevare