WILFA VAKUMERINGSMASKIN VS-0824S

Produktnr.
603988
Lager
På lager
Pris
kr 1 699

Med Moose vakuumpakkar kan du enkelt vakuumere og forsegle maten slik at han held seg frisk lenger. Den kraftige motoren har ein vakuumkapasitet på heile 24 liter per minutt og eit vakuumtrykk på opptil -0,8 bar, noko som gir effektiv og rask vakuumering.

Vakuumpakkaren passar til både tørre og våte matvarer. Du kan vakuumere alt frå kjøtt, fisk og grønsaker til ost, frukt og ferdig tilberedte måltid. Når lufta blir trekt ut av posen, blir maten betre skjerma mot luft og fukt, noko som kan bidra til lengre haldbarheit og betre bevaring av smak og kvalitet.

Normal eller skånsom vakumering

Moose vakuumpakkar har både normal og skånsam vakuumering. Den skånsame funksjonen er spesielt praktisk når du skal vakuumere matvarer som er meir delikate eller lett kan bli skadde av eit kraftig vakuum.

Praktisk marinering 

Med den integrerte marinadefunksjonen kan du enkelt marinere kjøtt og andre råvarer. Vakuumprosessen hjelper marinaden med å trekke inn i maten, slik at du kan førebu smakfulle måltid på ein enkel måte.

Smart og plassbesparande design 

Maskinen er utforma med praktiske funksjonar som gjer han enkel å bruke og oppbevare. Du får ein innebygd kniv for kutting av vakuumrullen, i tillegg til integrert oppbevaring for plastrullen. Dermed har du både rull og kuttefunksjon lett tilgjengeleg når du skal pakke maten.

Vakuumpakkaren kan også vere nyttig til sous vide, der maten blir vakuumpakka før han blir tilberedt i vassbad. Det gjer det enkelt å førebu råvarer på førehand og oppbevare porsjonar klare til bruk.

Dette følgjer med:

  • 5 vakuumposar, 20 × 200 cm
  • 1 slange
  • Innebygd kniv
  • Integrert oppbevaring for vakuumrull

Produktfordelar:

  • Kraftig motor på 1200 watt
  • Vakuumkapasitet på 24 l/min
  • Vakuumtrykk på opptil -0,8 bar
  • Normal og skånsam vakuumering
  • For både tørre og våte matvarer
  • Praktisk marinadefunksjon
  • Innebygd kuttekniv
  • Oppbevaring for plastrull
  • Kan brukast til sous vide
  • Enkel måte å organisere og porsjonere mat på

Vakuumer, mariner og bevar – Moose vakuumpakkar er ein praktisk kjøkkenhjelpar for deg som vil ta betre vare på maten og redusere matsvinn.

EAN
7044876039880