Norheimsund Elektro- Meir enn elektrikartenester

Treng du ny vaskemaskin, kjøleskap, oppvaskmaskin eller komfyr? Eller kanskje du er på jakt etter ei ny lampe, ein kaffimaskin, støvsugar, vaffeljern eller andre småapparat?

Handla lokalt, hos Norheimsund Elektro på nett

Visste du at Norheimsund Elektro har meir å tilby enn elektrikartenester?

I tillegg til å vere ein lokal elektroinstallatør har Norheimsund Elektro også ein butikk med eit stort utval av kvitevarer, småelektrisk, lampar og andre praktiske produkt til heimen. No kan du enkelt sjå delar av utvalet og handle direkte gjennom nettbutikken vår.

Frå kvitevarer til små ting som gjer kvardagen enklare

Treng du ny vaskemaskin, kjøleskap, oppvaskmaskin eller komfyr? Eller kanskje du er på jakt etter ei ny lampe, ein kaffimaskin, støvsugar, vaffeljern eller andre småapparat?

I nettbutikken finn du fleire ulike kategoriar, mellom anna:

  • Kvitevarer
  • Småelektrisk
  • Kjøkkenapparat
  • Kaffimaskiner
  • Støvsugare
  • Vannkokarar og brødristerar
  • Vaffeljern og toastjern
  • Lampar og belysning
  • Varmeomnar

Utvalet blir tilpassa etter kva kundane våre treng, og nettbutikken gjer det enklare å få oversikt over produkta før du bestemmer deg.

Lokal service – også når du handlar på nett

Sjølv om det er enkelt å handle på nett, meiner vi at det framleis er viktig med menneskeleg kontakt og lokal kunnskap.

Norheimsund Elektro har halde til i Norheimsund sidan 1999.

Verksemda arbeider hovudsakleg i Kvam. 

Når du handlar hos oss, handlar du dermed hos ei lokal bedrift som kjenner området og kundane sine.

Klikk og hent – eller få vara tilsendt

Med «Klikk og Hent» kan du bestille på nett og hente vara hos Norheimsund Elektro i Norheimsund. Det gjer det enkelt å kombinere fordelane med netthandel med den lokale servicen du får i butikken.

Ønskjer du å få eit produkt tilsendt? Ta kontakt med oss på telefon 56 55 36 60, så finn me ei løysing som passar for deg.

Me hjelper deg gjerne med å finne den beste løysinga, enten du ønskjer å hente varen sjølv eller få den levert heim.

Me hjelper deg gjerne med å finne rett produkt

Det er ikkje alltid enkelt å vite kva ein skal velje. Skal du kjøpe ny vaskemaskin? Kva storleik passar? Kva bør du tenkje på når du skal kjøpe kjøleskap? Eller kanskje du treng betre belysning i heimen?

Hos Norheimsund Elektro kan du få hjelp til å finne ei løysing som passar behovet ditt.

Nettbutikken gir deg oversikt over produkta, medan den lokale butikken gir deg moglegheita til å spørje, samanlikne og få råd.

Handle lokalt – enkelt og trygt

Norheimsund Elektro ønskjer å gjere det enklare for kundane å handle lokalt. Nettbutikken er eit supplement til den fysiske butikken og gjer det mogleg å sjå produktutvalet når det passar deg.

Så neste gong du treng ei ny kvitevare, lampe, varmeomn eller eit lite apparat til kjøkkenet – ta ein titt på nettbutikken vår.